Over 2,7 milliardar kroner vil i haust rulla inn på kontoane til laksekommunane. Kvam, Jondal, Etne og Kvinnherad er mellom kommunane som får del av denne pakken.
Jondal får vel 12 millionar, Kvam i underkant av 16, Etne vel 7 og Kvinnherad vel 40 millionar kroner.

– Det skal løna seg for kommunane å legga til rette for laksenæringa. No får dei ei velfortent belønning, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) i ei pressemelding.

Rundt 160 kommunar og ti fylkeskommunar kan dela over 2,7 milliardar kroner. Oversikten over kor mykje kvar av dei får, vart offentleggjort i mandag.

Du kan lesa oversikten her

Pengar frå laksesal

Pengane kjem etter regjeringa sitt sal av nye lakseløyve. Rundt 50 selskap kjøpte løyver for om lag 3,9 milliardar kroner. 80 prosent av desse pengane går til laksekommunar og -fylkeskommunar gjennom Havbruksfondet.

– Denne utbetalinga er med på å synleggjera at oppdrettsnæringa gir noko attende til lokalsamfunna. Dette er pengar kommunane kan bruka på å utvikla tilbodet til innbyggarane sine innan kultur, helse, skule, idrett, infrastruktur eller andre område, seier Nesvik.

Gir arbeidsplassar

Havbruksfondet vart oppretta i 2016. Målet med fondet, er å stimulera kommunane til å legga til rette for havbruksnæringa.

– Me vonar at endå fleire kommunar vil bidra til at laksenæringa kan halda fram å voksa. Dette er viktig for Noreg. Laksenæringa gir arbeidsplassar og aktivitet i heile landet, og bidreg til å finansiera velferda i fremtida, seier Nesvik.

Strenge krav

Regjeringa fekk i fjor på plass ei ny ordning som skal sørga for at veksten er føreseieleg og forsvarleg.

– Me vil framleis stilla strenge krav til plassering av oppdrettsanlegg, bærekraft og fiskevelferd. I tillegg må me ta vare på villaksen. Det er mange omsyn som skal takast, seier Nesvik.

Fakta: Sal av lakseløyver

  • Løyvene vart lagt ut for sal i to omgangar; først to prosent til fastpris, og deretter fire prosent gjennom ein auksjon.
  • Rundt 50 selskap har kjøpt vekst. Salet ga inntekter på omtrent 3,9 milliardar kroner.
  • Det er i alt tildelt i overkant av 23 000 tonn produksjonskapasitet, som tilsvarer ein vekst i næringa på om lag 3 prosent.
  • Ein mindre andel av kommunane sine inntekter, tilsvarande om lag 390 millionar kr, vert utbetalt først i 2019. Desse midlene skal fordelast mellom kommunar der det er klarert nye lokalitetar for oppdrett dei siste to åra. Ettersom det vart utbetalt midler frå denne potten i 2017, er neste utbetaling i 2019.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: