Meny Lukk

Rypejakta er i gong

Mandag starta skogsfugl- og rypejakta. I år vert førstegongsjegrar tilbode gratis jaktkort, og ferske tal viser at andel kvinnelege jegrar aukar. I tillegg viser Statskog si taksering at skogsfugljegrane går ein spanande haust i møte.

Noreg er i verdstoppen når det gjeld rekruttering av kvinner til jakt. Jakt har lange tradisjoner i Noreg og aksepten for jakt er avhengig av brei rekruttering frå ulike grupper i samfunnet, ifylgje Landbruks – og matdepartementet sine nettsider.

SSB sine tal for antalet personar som løyser jegeravgiftskort viser at antalet mannlege jegrar er stabilt. Blant kvinner er imidlertid auken dei siste fem åra på heile 24 prosent. Tre av ti som tek jegerprøven, er no kvinner.

Statskog sine jegrar er i snitt 46 år og har svært lang fartstid i terrenget med eit gjennomsnitt på heile 23 jaktår. Breisjøberget si doktoravhandling frå i fjor viser at jegerutbyttet kan vera magert når det kjem til ryper. Sju av ti jegrar skyt ikkje ei einaste rype i løpet av ein jaktdag. Halvparten av alle rypejegrane går faktisk tomhendte gjennom heile jaktsesongen.

I år vert det tilbode gratis jaktkort til dei som har tatt jegerprøven i 2018. Dette kjem etter initiativ frå Norges Jeger- og Fiskerforbund. Halvparten av dei som tek jegerprøven kjem seg aldri ut på jakt. Målet er at flest mogeleg skal få ein enkel inngang til å prøva småviltjakt, og få gode opplevingar denne hausten.

På inatur sine nettsider kan jegrane finna områda dei ynskjer å jakta i, og henta ut eit gratis jaktkort. Det einaste som vert krevd er at jegeravgifta er betalt.

Tal frå Statskog indikerer ei positiv utvikling for storfugl, jerpe og orrfugl. Orrfuglen har hatt ein tilbakegang dei siste åra, men trenden ser ut til å snu i år. Tettleik av skogsfugl varierer i ulike område. Det kan skuldast tørken, ved at fuglane har trukke ned i myrkantar og andre våte område. Informasjonen er henta frå 400 kilometer takseringslinjer.

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: