4. september hadde programutvalet for å nedkjempa skrantesjuke i Nordfjella sitt fyrste møte. Utvalet skal utforma eit heilskapleg program for brakkleggingsperioden og reetablering av villrein i Nordfjella. Målsettinga er at me om nokre år skal få attende ei frisk villreinstamme i Nordfjella om nokre år.

Klima – og miljødpartementet fortel på nettsidene sine at den 8. mai 2018 inngikk Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, og ordførarane i Ulvik, Aurland, Lærdal, Hemsedal, Ål og Hol ein intensjonsavtale om felles kamp mot skrantesjuka (CWD).

– Eg er svært nøgd med at vi har fått denne avtalen på plass og ynskjer utvalet lukke til i arbeidet med å utforma programmet, seier Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Hovudmåla i avtalen er å:

1. Behalda friske stammer av villrein og anna hjortevilt i Norge
2. Utrydda sjukdomen før han får fotfeste
3. Bygga opp att ei frisk villreinstamme i Nordfjella raskast mogeleg i tråd med vedtekne planar

Heilskapleg program
Avtalepartane vart samde om å setta ned ei gruppe som skal laga eit utkast til eit heilskapleg program for det vidare arbeidet. Gruppa, som vert kalla programutval for skrantesjuke, er samansett av representantar frå kommunane og staten

Utvalet skal ha fire arbeidsmøter fram i mot jul og programmet skal ferdigstillast innan utgangen av 2018.

Programutvalet for skrantesjuke

  • Steinar Bertelsen, leiar for Nordfjellarådet
  • Lars Nesse, CWD-koordinator
  • Rådgjevar i Lærdal Kommune Alf Olsen Jr
  • Leiar av viltseksjonen i Miljødirektoratet Knut Morten Vangen
  • Seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet Anne Marie Jahr
  • Stein Ivar Ormsettrø frå Landbruks- og matdepartementet
  • Espen Fjeldstad frå Klima- og miljødepartementet er leiar i utvalet
  • Karen Lone frå Miljødirektoratet er sekretær i utvalet

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.