Hordaland fylkeskommune har valt ut dei første programkommunane i tilskotsordninga til Program for folkehelsearbeid. Dei involverte kommunane utgjer omtrent 75 prosent av befolkninga i Hordaland.

Dei såkalla programkommunane får midler til utvikling av tiltak over fleire år.

– Det er flott å sjå at kommunar som utgjer så stor del av befolkninga, og er geografisk spreidd i fylket, ynskjer å vera programkommune, seier Mette Nora Sætre, næringssjef i Hordaland fylkeskommune.

Langsiktig arbeid

Hordaland fylkeskommune vart i vår tildelt 36 millionar over seks år frå Helsedirektoratet gjennom den nasjonale satsinga «Program for folkehelsearbeid». Middela går til arbeid som skal betre psykisk helse hos barn og unge.

I mai lyste fylkeskommunen ut midlar. Kommunane som no blir programkommunar har alle skissert utkast til tiltak dei ønskjer å utvikle. Dei får no høve til å arbeide med prosjekta i tre til fire år. Til saman er det seks prosjekt som får midler.

Kommunane som startar sitt prosjektarbeid er Askøy, Bømlo, Bergen, Kvinnherad og Stord. I tillegg søkte Hardangerkommunane og Voss om eit større samarbeidsprosjekt. Dei er òg teke opp i tilskotsordninga. Kvam herad skal samordna dette arbeidet.

Hordaland fylkeskommune er programansvarleg og samordnar programarbeidet regionalt. Fylkeskommunen har det overordna ansvaret for å driva arbeidet framover, og har det økonomiske og administrative ansvaret.

– Me ser fram til det vidare arbeidet med utvikling av gode tiltak for barn og unge i Hordaland, seier Sætre.

Skal oppleva tilhøyrigheit

Dei fleste ungdomar i Hordaland er både friske og aktive, har fleire vener og trivst godt i sitt nærmiljø. Det er likevel rom for forbetringar. Fleire av prosjekta handlar om å finne modellar som kan auka barn og unge si involvering i lokalsamfunnet.

Tiltaka siktar seg inn mot barn og unge frå tre til 24 år. Barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, arbeidsliv og nærmiljø er viktige arenaar kommunane vil arbeide med. Ein viktig verdi i arbeidet er at målgruppa får oppleva ei tilhøyrigheit i sitt lokalsamfunn og at det er låg terskel for å delta sosialt.

Dei seks prosjekta som no startar, er valt ut etter råd frå det regionale samarbeidsorganet for folkehelsearbeidet i Hordaland. Dette er eit fagnettverk som skal vera med å styrke utviklinga av tiltak ute i kommunane.

Fakta

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.