Meny Lukk

Vil ha flest mogeleg med på landsfestivalen i gamaldans

Bildete: Store norske leksikon

Jan Helge Opheim er ein kjend figur i gamaldansmiljøet i Hardanger. No inviterer han til kurs i gamaldans for at hardingane skal vera best mogeleg skodd til landsfestivalen i Kinsarvik i 2019.

Biletet er henta frå snl.no

Intervjuet kan du høyra nederst i saka.

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel han at han ynskjer å få så mange som mogeleg med på å dansa tradisjonsdansar. – Planen er å ha eit helgekurs i november der eg og Magni Rosvold frå Hardanger og Voss Museum er instruktørar.  Me inviterer folk frå 20 år og oppover.

Rosvold er prosjektleiar for forprosjektet til «Folkedans i Hordaland» og vitjar mellom anna skular.

Etter det Opheim fortel, er det fleire som har etterspurd gamaldans i lengre tid. – Om dei hoppar på umiddelbart no, veit eg jo ikkje, men me får marknadsføra dette og sjå kor stor oppslutninga vert. Det vil koma plakatar og informasjon om påmelding etterkvart.

Aktiviteten i ungdomslaga i Indre Hardanger har retta seg mykje til born og ungdom seinare år, men Opheim seier at aktivitetsnivået i laga kan verta langt høgare.

– Tradisjonsdansane våre er ein del av Hardangerkommunane sin identitet, og den er det viktig å ta vare på, seier han

– Me skal sjølvsagt ta imot framande kulturar med opne armar, men me må ikkje gløyma vår eigen kultur med dans og spel, så eg vonar mange vil vera med.

Opheim fortel at planen er å halda kurset i den nye hallen i Kinsarvik

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: