Meny Lukk

Bustad for livet

20.september vert det invitert til bustadseminar i Sentralbadet Litteraturhus i Odda. Gunvor Medhus i Odda kommune fortel at alle innbyggarane i det framtidige Ullensvang, er inviterte til å delta på ettermddagsdelen av seminaret – som vert arrangert av Odda, Jondal og Ullensvang.

Vil du høyra intervjuet, ligg det nederst i saka.

I samtale med programsekretær JK Flattun seier Medhus at formiddagsbiten er retta mot kommunalt tilsette og lokale entreprenørar. – Men på ettermiddagen vonar me at alle som er interesserte i å få vita meir om korleis ein kan tilrettelegga for at ein kan bu i heimen sin lengst mogeleg, kjem.

Eldre menneske er ei av målruppene, men Medhus poengterer at yngre menneske og kan koma ut for livssituasjonar som gjer at dei treng ein tilrettelagt bustad. – Det kan vera noko så enkelt som å brekka eit bein, eller meir permanente situasjonar som det å få eit funksjonshemma barn.

Det er uendelege utfordringar som kan dukka opp, og Medhus seier at arrangørane  trur at den jamne mann og kvinne ikkje tenker så mykje over slikt før dei står midt oppi det.

– Derfor tenker me at det kan vera lurt for alle å gjera nokre grep i tilfelle noko skulle skje. Det å verta gamal er ikkje eigentleg eit problem, men dersom ein skadar seg, kan ein kanskje ikkje bu heime lenger dersom husværet ikkje har universell utforming.

Fokuset seminaret har, er på det den enkelte kan gjera sjølv gjennom best mogeleg planlegging. – Men politikarar og kommunar spelar naturlegvis ei viktig rolle gjennom bustadpolitikk. Kor skal ein planlegga å ha leiligheiter? Kor skal ein ha hustomter, i bratt eller flatt terreng? Sentrumsnært? Alt dette er ein del av den kommunale planlegginga, seier Medhus.

– Men så må folk sjølve tenka på korleis den bustaden dei bygger, fungerer, og ein må tenka litt lenger enn dagen i dag.

Medhus fortel at ein har eit ordtak om universell utforming: Det er naudsynt for somme, men bra for alle!

– Det er fornuftig å kjøpa seg eit husvære som passar for dei fleste situasjonar, enten det er barnevogn, rullator eller knekt bein.

Medhus karakteriserer ein av foredragshaldarane som reine fyrverkeriet. – Ho heiter Tobba Therkildsen Sudmann og arbeider ved Høgskulen på Vestlandet. Ho snakkar om korleis ein kan ta vare på eiga helse og gjera livet kjekt og aktivt frå ungdom til alderdom.

Først ut som foredragshaldar er plansjef i Odda kommune, Kristian Bondhus Jensen, så er det Sudmann sin tur. – Me har og invitert Husbanken og NAV/Hjelpemiddelsentralen Hordaland, fortel Medhus. – Og Husbanken spesielt har økonomiske støtteordningar til ombygging av hus, innstallering av heis med meir.

Medhus fortel at ein del burettslag i Odda har fått heisar. – Me ynskjer veldig gjerne at burettslagsleiarar kjem på dette seminaret slik at dei får meir kunnskap om kva som er mogeleg og kva ein kan få støtte til. Det er noko av dette som Husbanken vil informera om.

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: