Ordføraren i Jondal, Jon Larsgard, er ikkje glad for mediedekninga kommunen har fått rundt varslingssakene det siste året. – Uroen i administrasjonen har vore med på å prega nyhendebiletet på eit vis som ikkje er gunstig for oss,
seier han i samtale med programsekretær JK Flattun.
– Me vil heller sjå framover snarare enn å halda liv i ein debatt som dette, men det vil nok ta tid.
Konflikten dreier seg om nokre varslingssaker som har vore oppe til handsaming i kommunen. – Når no konklusjonen ligg føre, ser det ut til at det er vanskeleg å innfinna seg med at nokon får medhald, andre ikkje, og det er vel det som gjer at det framleis er liv i denne saka.
I utgangspunktet var det snakk om ei mobbesak, der den første granskinga viste at så ikkje hadde skjedd. – Men det vart sagt at ein ikkje hadde eit fullt ut forsvarleg psykososialt arbeidsmiljø, noko ein iferd med å retta opp, seier Larsgard
I tillegg kom det eit varsel om korrupsjon retta mot fleire i leiinga i Jondal kommune.
– Dette vart granska, og det vart fastslått at påstandane var grunnlause, seier ordføraren. – Men slike påstandar er belastande både for dei som set dei fram og for dei som vert anklaga.
Larsgard seier at den dialogen som har vore etterlyst før, prøver ein å få til no. – Me prøver å rydda opp og har framleis ei von om at desse sakene snart kan endast, men slike ting set spor og dei tek det tid å lækja.
Ifylgje ordføraren har politikarane i Jondal i hovudsak vore einige om handsaminga av sakene, slik at dei ikkje har skapt særleg politisk strid til no.
Orføraren som no ynskjer å sjå framover heller enn å henga fast i gamalt grums, seier at kommunen har bruk for ei kompetanseheving med omsyn til handsaming av varslingssaker.
– Me må innarbeida dette systematisk slik at det vert forstått og etterlevd av alle i kommuneadministrasjonen.