Hausten 2017 innførte regjeringai eit nytt og strengare mobbelovverk, og ei ny klageordning til fylkesmennene. Klageordninga gir foreldre og elevar mogelegheit til å klaga dersom dei meiner skulen ikkje tek mobbinga på alvor. Målet er å gje elevar riktig hjelp tidleg.

Eitt år med ny mobbelov – 1402 klager
I løpet av det første året med den nye klageordninga har 1402 saker vorte meldt inn til fylkesmennene. Av dei 1146 ferdighandsama sakene, vart 372 saker trukke eller avvist. I dei resterande 774 sakene, der fylkesmennene har vurdert om skulen har brote aktivitetsplikta eller ikkje, fant dei at skulen ikkje hadde gjort nok i fire av fem tilfelle.

– Me må gje elevane hjelp med ein gong når mobbing skjer, og det skal alltid nytta å seia ifrå. Fylkesmennene skal hjelpa elevane raskt og sikra at både kommunar og skular vert betre til å fylgja opp og stansa mobbinga, seier Sanner.

Denne hausten kjem det mobbeombod på plass i alle fylke. Fleire hundre skular og barnehagar jobbar med kompetanseheving for lærarar og tilsette for å skapa betre skule- og barnehagemiljø.

– Me må verta betre på å førebygga mobbing og skapa gode læringsmiljø. Skuler og barnehagar jobbar no med å verta betre til å skapa gode miljø der born trivs, har vener og der mobbing vert handtert raskt når det skjer, seier Sanner.

For å sikra rask handsamingstid hjå fylkesmennene, har regjeringa dobla løyvinga til klageordninga. I 2018 vert det brukt totalt 34 millionar kroner på ordninga.

Kunnskapsdepartementet sine nettsider kan du lesa kor i landet der flest brot på aktivitetsplikta.