Meny Lukk

Påfyll til den kulturelle skulesekken 2018 – 2019

Pengesedlar

Grunnskulelevar i 32 kommunar i Hordaland får kulturell skulesekk for 10,9 millionar kroner skuleåret 2018-2019. Utval for kultur, idrett og regional utvikling har fordelt pengane og alle Hardangerkommunane har fått midler.

Ein del av pengane går rett til kommunane, medan resten går til programmet som Hordaland fylkeskommune turnerar i kommunane.

Om lag 6,5 millionar kroner går til tiltak i regi av fylkeskommunen, og kommunane får tildelt om lag 4,4 millionar til eigne program. I tillegg er nærare 4,2 millionar kroner øyremerka til kunst- og kulturtilbod for alle dei vidaregåande skulane i fylket.

Hordaland Fylkeskommune fortel på nettsidene sine at middela som går til Hardanger er fordelt slik:

Eidfjord – 31.373
Odda – 109.001
Ulvik – 33.375
Ullensvang – 98.838
Kvam – 175.225
Jondal – 32.803
Granvin – 32.231

Kvinnherad får 307.970, Voss 256.037.

Den øvrige fordelinga kan du lesa på Hordaland Fylkeskommune sine nettsider.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: