Meny Lukk

Eidfjord nominert til cruisenæringa sin «Oscar»

Eidfjord  er saman med  Dubai og Geraldton Western Australia nominert til prisen «Seatrade Destination of the Year 2018».  Juryen består av 13 personar frå USA og Europa, og dei representerer reieri, reisebyrå, media, organisasjonar og cruisehamner.  Prisen er næringa si høgaste utmerking og er tidlegare år vunne av mellom andre Singapore, København og Le Havre.  Ingen norske reisemål har vunne siden den vart innstifta i 2007.

Helge Møller i Cruise Destination Hardangerfjord fortel i ei pressemelding at prisutdelinga skal finna stad i Lisboa 19. september under den store cruisemessa Seatrade Cruise Med.  Eidfjord er den minste destinasjonen som nokon gong har vorte nominert til denne prisen.  Juryen har lagt vekt på Eidfjord sitt målmedvitne arbeid for ein berekraftig cruiseturisme.  Vidare har ein merka seg nyopninga av Norsk Natursenter og det store arbeidet på Fossli ved Vøringsfossen.  Begge desse er no attraksjonar i verdsklasse og har bidradd til å heva kvaliteten på reisemålet betrakteleg.

Helge Møller seier at berre det å verta nominert, er ei stor anerkjenning til kommunen og reiselivet. Nesten årleg vert det tilbode nye attraksjonar og aktivitetar i Eidfjord.  Det er stort engasjement blant kommunen sine innbyggarar og dette resulterer i at stadig nye produkt som kan verta tilbodne både cruisepassasjerar og andre turistar.  Hamna og Destinasjon Eidfjord er på ein profesjonell måte gode partnarar for reieri, agentar, skip og passasjerar.  Hardangerfjorden vert marknadsført som ein harmonisk og romantisk region utan masseturisme, stress og køar.  Med streng begrensing på antall skip per dag og spreiing av utfluktene til 6-7 kommunar oppnår Eidfjord denne målsettingea.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: