Meny Lukk

Amerikansk blues på Iris Scene

Pressebilete

Laurdag 25.august er det duka for ein skikkeleg godbit på Iris Scene når Ron Davis Group går på scenen.

Blueslaget lokst utøve skriv på nettsidene sine at Ronald Davis vart født inn i ein aktiv musikalsk famile i Washington DC. Han fekk sin første gitar som sjuåring og starta den musikalske karriera si i Baptistkyrkja i Philadelphia. Berre 12 år gammal tok han til å synga i det velrennomerte Hollingworth Gospelensemble der kordirigenten var ingen ringare enn Claudine Clark som og var sangerinna på den store hitsingelen Partylights på slutten av 50 – talet.

Det var Clark som oppdaga talentet til Ron og den kjærleiken han hadde for musikk. Det var ho som hjalp han til den første studioerfaringa då han fekk bidra på hennar innspelingar.

Ron Davis seier sjølv at han er takksam for at han fekk vera ein del av blues – og gospelmiljøet i Philadelphia som har fostra så mange artistar gjennom åra.

Les meir om artisten og konserten på oddablues

«.
Pressebilete
Ron Davis Group

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: