Noreg har framleis eit av dei lavaste nivåa av antibiotikaresistens i Europa. Dette slår Det europeiske smittevernbyrået fast, etter å ha vurdert det norske arbeidet med å implementera Nasjonal strategi mot antibiotikaresistens. Dette fortel Helse – og omsorgsdepartementet på nettsidene sine.

Etter invitasjon frå Helse- og omsorgsdepartementet gjekk Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) i mars 2018 gjennom arbeidet i helsesektoren.

ECDC fann også at det er eit godt tverrsektorielt samarbeid i helsesektoren om arbeidet mot antibiotikaresistens. Arbeidet med å redusera antibiotikabruken i den norske matproduksjonen er eit førebilete for andre land i Europa.

– Eg er svært nøgd med at det er lite antibiotikaresistens i Noreg, og at vi får ros for korleis vi jobbar for å førebygga dette. No må vi fortsetta det gode arbeidet for å redusera bruken av antibiotika i helsetenesten. Det gjør vi ved å oppretthalda trykket på gjennomføringa av handlingsplanen mot antibiotikaresistens i helsetenesten, seier helseminister Bent Høie.

ECDC påpeiker imidlertid at ulike former for resistente tarmbakterier utgjer ein stor global trussel og er også ein trussel mot Noreg. Det har allereie vore fleire utbrot av enkelte slike resistente tarmbakterier (VRE, vancomycinresistente enterokokker) i norske sjukehus, mellom anna på Haukeland universitetssjukehus og ved Oslo universitetssykehus. Av andre bakterier (som CRE, karbapenemresistente enterokokker) har det vore enkelttilfelle.

– Vi arbeider med ein ny Handlingsplan for et bedre smittevern som er venta til våren. Vi vil setta inn tiltak spesielt for å motvirka vidare spreiing av dei multiresistente tarmbakteriene som ECDC advarer mot. Samtidig vil vi vektlegga generelle smitteverntiltak, som riktig håndvask blant helsepersonell, seier eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen.

ECDC anbefaler å setta inn naudsynte og tilstrekkelege mottiltak for å hindra at desse mikrobane vert etablerte i Noreg. Dersom det ikkje vert sett inn tiltak raskt, vil desse mikrobane kunna etablera seg i sjukehus og på sjukeheimar, og særlig gå ut over dei mest sårbare pasientane. For å motvirka VRE og CRE er det kun hygienetiltak som hjelper. Under gjennomgangen vart det påvist fleire døme på svikt i hygienen ved dei helseinstitusjonane som vart besøkt.

Illustrasjonsbilete: Arkiv

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.