Meny Lukk

Aktiv helg på Iris Scene

Blueslaget lokst utøve er i gong med vårsesongen og opnar dørene både for videoquiz, platemesse, gratis ettermiddagskonsert og hyllest til The White Album.

Videoquizen går føre seg fredag 18. januar og arrangementet er gratis. På oddablues kan ein lesa at Terje Ramsdal og Lars Arne Stenberg er faste quizmasterar, og dei kan lova ein kjekk og variert quiz, der ein får sjå musikkvideoer istaden for å berre høyra musikken.

Laurdag 19.januar opnar Iris Scene dørene for platemesse på føremiddagen der folk kan koma med vinyl, CD – ar og andre musikkrelaterte ting som dei har lyst til å selgja. Det ryktast at det vil dukka opp enkelte godbitar, så den som er på jakt etter å komplettera eller utvida samlinga si, kan gjera eit kupp laurdag.

På ettermiddagen er det huskonsert med Tuva og Endre Ommundsen. Dei har begge stått på Iris Scene før og er klare for å gje publikum ei triveleg ettermiddagsstund. Konserten er gratis.

Dagens høgdepunkt er likevel kanskje konserten på kveldstid med Moonpedro and the Goldfish. Bak dét namnet  har musikar og forfattar Pedro Carmona-Alvarez, og medprodusent og pianist Einar Sogstad spilt inn ein dekonstruert, leiken og eksperimentell versjon av The White Album av The Beatles og gitt den tittelen The Beatles Revisited. No tar dei meg seg plata ut på vegen – og presenterer den altså på Iris Scene laurdag 19.januar.
Les meir på oddablues.

Bilete: Blueslaget lokst utøve sin logo. Fotograf: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: