I 2018 omkom 102 personar av drukning i Noreg, det er ti prosent meir enn året før.
Vi treng eit nasjonalt krafttak for å få ned drukningstala, meiner Monica Rimestad i Tryg Forsikring.
Auken i drukningstala for 2018 skuldast at fleire døyr i samband med bading, fortel ho i ei pressemelding.
– Mange av badeulukkene kunne vore unngått med betre symjeferdigheiter, kunnskap
om livredning og sjølvberging og meir sikkerheitsutstyr på badeplassane, sier
Rimestad som er samfunnsansvarleg i Tryg Forsikring.
Flest voksne menn
Ulukkesstatistikken frå Redningsselskapet for 2018 viser at godt voksne menn er
overrepresentert i drukningsulukkene. Totalt drukna 81 menn og 21 kvinner i
fjor. Ni av dei som drukna i samband med bading, var i 70- eller 80-åra,
medan tre var born i alderen 9 til 14 år. Tryg Forsikring har tidlegere
oppfordra til ein nasjonal dugnad mot drukningsulukker.
– Fjorårets auke i drukningstala er tragisk, og dette må takast på alvor av
myndigheiter og samfunnet for øvrig. Vi har ein nullvisjon mot trafikkulukker, og
resultatet er at antal drepne på vegane no, er rekordlavt. Vi treng ei
tilsvarande nullvisjon mot drukning, og den må koma fort, seier Rimestad.
Vestlandet toppar
Fem personar drukna i desember. Fylkesoversikten over kor drukningsulukkene
fant stad, viser at Vestlandet med Rogaland og Sogn og Fjordane topper
ulukkesstatistikken.
Fylkesoversikt drukning 2018:
Rogaland 10
Sogn og Fjordane 10
Hordaland 9
Trøndelag 9
Vest-Agder 7
Østfold 7
Telemark 7
Nordland 6
Vestfold 6
Møre og Romsdal 6
Buskerud 5
Akershus 5
Finnmark 4
Oppland 4
Troms 3
Oslo 2
Aust-Agder, Hedmark og Svalbard 0
Har satt ut 45.000 livbøyer
Rogaland har Tryg utplassert over 3500 livbøyar, medan Sogn og Fjordane har vel
3000. Flest livbøyer er utplassert i Hordaland og Nordland. Tryg Forsikring skal
i løpet av 2019 setta ut 20 prosent fleire nye livbøyer enn i eit normalår.
– Vi har utplassert 45.000 livbøyer i Noreg sidan 1952, og dette er vårt bidrag
til å førebygga drukningar. Dette året kjemvi til å setta ut vel 2.500 nye
bøyer, seier Rimestad.
Drukningsstatistikk årsak 2018:
Fall frå land eller brygge 47
Bading 18
Fritidsbåt 17
Bil i sjø eller vatn 7
Yrkesbåt 5
Dykking 3
Kano/kajakk 2
Seiling/rafting 1
Gjennom is 1
Andre årsaker 1
Illustrasjonsbilete. Arkiv