Kommunane må ta eit ansvar for å legga til rette for aldersvennlege bustader. Ein ny rapport frå NOVA tydar på at det er eit uutnytta handlingsrom. Få kommunar stiller krav om å bygga alt på eit plan.

– Kommunane kan vere meir aktive i bustadplanlegginga i møte med ein aldrande befolkning, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.

– Regjeringa vil at eldre skal kunna bu heime så lenge som mogeleg. Då treng vi bustader som gjer at eldre kan leva aktive og sjølvstendige liv.

– Regjeringa vil nytta Husbanken aktivt i arbeidet med å legga til rette for at eldre skal kunna bu lenger heime. Vi har eit framlegg om nye reglar for lån frå Husbanken på høyring, seier statsråden. Lån frå Husbanken skal gje samfunnet endå betre bustadkvalitetar, mellom anna for eldre.

Reguleringsplan og rettleiing

Kommunane kan stilla krav om å bygga tilgjengelege einebustader og rekkehus. I reguleringsplanen kan kommunane stilla krav om at  alle hovudfunksjonane skal vera på eit plan. Ei undersøking retta mot kommunane tydar på at få brukar dette verkemiddelet på ein bevisst og systematisk måte. 76 % av kommunane svarer at dei ikkje veit om krava blir stilt, og 18 % svarer at dei ikkje stiller krav i det heile.

Bustadane må vere tilpassa behova til eldre menneskjer; Fjerne tersklar til badet, ombyggjing av bad og trinnfri veg og inngangsparti til bustaden, er blant dei viktigaste tiltaka. Rapporten tydar på at mange eldre ikkje veit kvar dei skal retta seg for råd om ombyggjing og rehabilitering for å tilpassa bustaden. Ein av fire kommunar gjev slik rettleiing. Ein av seks kommunar gjev rettleiing til utbyggarar, burettslag og sameige.

Rapporten undersøker også korleis byggenæringa vurderer sine eigne bidrag og rammevilkår for bygging av meir aldersvenlege bustader. 26 % av kommunane rapporterer at dei bygger leilegheitkompleks med fellesfunksjonar eigna for eldre. Samtidig meiner mange at det er ulønsamt.

– Det er viktig at også næringslivet tar eit ansvar her, seier Mæland.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.