Meny Lukk

Vil få fleire menn til å ta lærarutdanning

Regjeringa ynskjer at fleire menn skal verta lærarar. I dag er berre ein av fire lærarar i grunnskulen menn, og andelen mannlege søkarar er lavast for lærarutdanning 1-7 trinn. Derfor skal det no forskast på kvifor det er slik og kva som kan gjerast for å auka rekrutteringa av menn, fortel Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

– Det er eit mål for regjeringa at lærarstaben skal gjenspeila et tverrsnitt av befolkninga. Også dei yngste elevane bør få møta både kvinner og menn i rolla som lærar. Derfor har me bede Senter for profesjonsstudier (SPS) ved OsloMet – storbyuniversitetet om å sjå på kva me kan gjera for å få fleire menn til å velgja utdanning for dei lavaste trinna i skulen, seier forsknings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Sjølv om det er ei positiv utvikling når det gjeld antalet som ynskjer å verta lærarar, så viser tala for 2018-19 at under 25 prosent av søkarane til grunnskulelærerutdanninga for trinn 1-7, var menn.

– Dei fleste kommunane oppfyller no lærarnorma. Men me vil trenga fleire kvalifiserte lærarar i åra som kjem, spesielt for dei yngste elevane. Me skal ha ein skule der elevane meistrar og lærer, og der elevar som slit, får hjelp tidleg. Då har ikkje skulen råd til å gå glipp av dei mannlege lærartalentea, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Større fråfall fra lærarutdanningen blant menn
Ei annen utfordring er at menn i tillegg sluttar på lærarutdanninga i større grad enn kvinner.

– Den nye lærarutdanninga har potensiale til å verta på høgde med dei beste i verdea, men det er bekymringsfullt at for mange av dei mannlege lærarstudentane fell ut av utdanninga undervegs i studieløpet. Derfor er det naudsynt med meir kunnskap om kvifor det er slik, og meir kunnskap om kva for tiltak som gjer at fleire får augo opp for det viktige yrket som læraryrket er, sier Nybø.

Eitt ledd i arbeidet med å rekruttere studenter til lærerutdanning
SPS skal laga ei kunnskapsoversikt over årsaker til den manglande kjønnsbalansen blant lærarar i grunnskulen med vekt på 1–7, og kunnskap om kva for tiltaksområde og tiltak som har effekt for rekrutteringa. Regjeringa brukar 870 000 kroner på dette forskningsarbeidet. Midlene er ein del av ein større pakke på ti millionar kroner som nyleg vart fordelte til lærarutdanningar for å rekruttera fleire søkarar til grunnskulelærarutdanningane.

– Erfaringane viser at lærarutdannarane og deira samarbeidspartar får gode resultat av rekrutteringsarbeidet sitt, og derfor har me fordelt ti millionar til dette, seier Nybø.

I tillegg har regjeringe satt i verk ei rekke andre tiltak for å rekruttera og behalda lærarar. Mellom anna har lærarutdanninga vorte ei masterutdanning som skal bidra til høgare kvalitet i utdanninga og i skulen. Det er innført ei ordning for sletting av studiegjeld for dei som ek lærarutdanning på normert tid og jobbar som lærar etterpå. Lærarar med mastergrad får dessuten høgare startløn.

Bilete: Illustrasjon

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: