Stortinget vedtok før sommaren endringar i arbeidsmiljølova som trødde i kraft 1. januar 2019, fortel Arbeids – og sosialdepartementet på nettsidene sine.
Endringane omfattar fylgjande hovudelement:
- ein definisjon av kva ei fast tilsetjing i arbeidsmiljølova inneber
- ei tydeleggjering av plikta til informasjon om arbeidstid i arbeidsavtalen
- ei avgrensing når det gjeld høvet til innleige frå bemanningsverksemd etter avtale med tillitsvalde.
For endringa når det gjeld høvet til innleige, er det gitt ein overgangsregel. Denne endringa får verknad først frå 1. juli 2019 for innleigeforhold som allereie eksisterer når lova skal ta til å gjelda.
Du kan lesa meir om endringane på Arbeids – og sosialdepartementet sine nettsider
Bilete: Illustrasjon