Meny Lukk

Vinje i Telemark er årets nynorskkommune

Kulturdepartementet har kåra Vinje kommune i Telemark til årets nynorskkommune. Statssekretær Jan-Christian Kolstø overrekte i dag prisen på 100 000 kroner til Vinje kommune, ved ordførar Jon Rikard Kleven.

Vinje kommune er ein føregangskommune i arbeidet for å gje innvandrarar norskopplæring på nynorsk, kommunen har òg nynorsk i felles profilering av Vinje som reisemål, fortel Kulturdepartementet på nettsidene sine.

Juryen seier Vinje kommune fører vidare ein rik kulturarv. På sitt trygge kulturgrunnlag har årets nynorskkommune arbeidd strategisk og kreativt for å gjera nynorsken til eit godt og levande bruksspråk. Det går klart fram av både planar og resultat at Vinje kommune har vilje til språk.

Språkrådet leier juryarbeidet på vegne av Kulturdepartementet. I juryen sit òg representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Bilete f.v. Statssekretær Jan Christian Kolstø (V), ordførar i Vinje Jon Rikard Kleven og assisterande rådmann i Vinje Anders Sandvik
(foto: Aasen-tunet, Gaute Øvereng)

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: