Alle 27 kommunestyrerepresentantar i Odda er einige om at det trengs meir flaumsikring i Opo, fortel ordførar Roald Aga Haug. – Dette standpunktet har forsterka seg og etter den siste flaumen me hadde i haust, som var på vel 400 kubikk.
Gjennom fleire saker i ulike medier, har Aga Haug lagt press på Storting og Regjering som han meiner har eit stort ansvar for å sikra innbyggarane i Odda mot den flaumfaren som råder i kommunen.
– Det einaste som er eit prov på at ein får til noko, er ei løyving i Statsbudsjettet, seier Aga Haug. – Lovnader
kan ein ikkje stola på. No har staten hatt mogelegeheit til å ta ansvar i to Statsbudsjett og to reviderte Statsbudsjett. Så er ikkje gjort.
– Men me skal jobba knallhardt for at staten finn dei middela som må til.
På lydfila under kan du høyra kva meir ordførar Roald Aga Haug sa i intervju med programsekretær JK Flattun
torsdag i forrige veke, dagen etter siste kommunestyremøte i Odda.
Bilete: Opo. Fotograf: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar