Frå 2016 til 2018 har det har det vore relativt liten variasjon med omsyn til antal turistar som vitjar Turistinformasjonen i Odda. Dagleg leiar Amy Henrickson seier i samtale med programsekretær JK Flattun at 46.000 kom innom i 2016, medan det hittil i år, ligg på 45.000.  Seinast i forrige veke var det folk innom som lurte på Trolltunga og Hardangervidda, og då vart dei  naturlegvis orienterte om at snøen er komen i fjellet.

– Eg vil påstå at forskjellen mellom sommarsesongane er marginale, det er overraskande kor likt besøkstalet er frå år til år hjå oss på Turistinformasjonen, seier Henrickson. – Men det er ein del meir trykk når veret er dårleg, då kjem turistane og lurer på kva dei kan finna på når dei ikkje kan gå til Trolltunga.

Ifylgje Henrickson er tilreisande også svært oppteken av fjorden. – Når dei har opplevd fjell og fysisk tunge turar, vil dei gjerne ha opplevingar ved vatn. Det virkar som om folk er fascinert av kombinasjonen fjord og fjell, ikkje minst når det er toppa med ein isbre.

Mange av dei som vitjar Turistinformasjonen i Odda kjem og med spørsmål om heilt praktiske ting som parkering, buss, spise – og overnattingsstader.  – Men mange etterspør som sagt andre ting å gjera enn å gå til Trolltunga, så me treng heilårstilbod som skapar ein viss fascinasjon, til dømes ein gondolbane til fjells som somme har snakka om.

Når det gjeld planane for nytt hotell i Odda, er Henrickson positiv til tanken. – Me må ha eit mangfald av overnattingsstader for å vera ein sunn turistplass, me har famleis for få.

Henrickson likar og planane om å flytta Turistinformasjonen til Smelteverkstomta. – Det er veldig spanande. Når Bussterminalen skal flyttast opp dit, er det ein del andre ting som må fylgja med for at det skal fungera på ein god måte.  Eg tenker at det er naturleg at Turistinformasjonen fylgjer med, plassert der turistane stig av bussen i Odda.

Å ta i bruk ovn tre til føremålet, meiner Henrickson er eit spanande prosjekt. – Den ville ellers stå til tom og til nedfalls. Med det som skal skje no, trur eg den kan verta eit kjempeikon, og det å samla fascilitetar rundt den plassen der folk ankjem Odda, er viktig. Det vert lett å finna og lett å bruka.

Offisiell sesongstart for Trolltunga har vore 15.juni dei siste åra. – Det kan henda det vert justert til neste år, for det me ser, er at folk ynskjer å koma tidlegare og tidlegare, men då må me få folk inn på trygge turar, til dømes med guiding. Allereie ved påsketider merkar me ein heil del ryggsekkturistar i Odda by, seier Amy Henrickson som alt er i gong med planlegging og tilrettelegging for sommarsesongen 2019.

Bilete: Amy Henrickson. Fotograf: JK Flattun

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.