Galleri G Guddal (før Galleri Snikkeriet) opna første utstillinga i november 1993.  Galleriet kan sjå attende på ei lang historie og ei lang liste med kunstnarar som har vist sine bilete, skulpturar, keramikk, glas, smykke, tekstilar med meir i dei forskjellige lokala.

I 2014 flytta galleriet inn i store fine lokale i Guddalstunet (ca 5 km frå Rosendal sentrum). Eit stort (og litt nifst…) steg framover for galleridrifta, skriv gallerist Gøril Guddal i ei pressemelding.

Laurdag 3. november inviterer ho til Jubileumsutstilling.

Nokre av kunstnarane er nye i galleriet og andre vert det gjensyn med:

Morten Molden – maleri og grafikk  http://k7bulletin.no/kunstarkitekten/

Karen Rebekka Vasstrand – maleri  http://kunsthistorie.com/fagwiki/Karen_Rebekka_Vasstrand

Turi Løvik Kirknes – foto  www.tlkphotographer.com/

Dag Sørensen – keramikk . Rosendal

Frøydis Aarseth – maleri www.froydisfineart.com/about/

Peter Marron – keramikk www.marron-ceramic.com

Leif Hedman – skulptur  (i stallen).  Fitjar

DAG SØRENSEN, keramikar busett i Rosendal, har hatt fleire utstillingar i galleriet. Heilt nye arbeid omtrent direkte frå brenningsovnen!

TURI LØVIK KIRKNES frå Valen men bur i London. Fotograferar smykke for dei mest ekslusive designarane og moteblada!

MORTEN MOLDEN, Bergen. Sivilarkitekt frå NTH i ei tid då kunstnarar som Håkon Bleken underviste også arkitektane. Slikt blir det også kunstnarar av.  Molden viser både maleri og grafikk.

KAREN REBEKKA VASSTRAND, Bergen.  Vi såg maleria hennar i galleriet i 2001. Denne gongen er motiva både frå bymiljø og frå landskap med sauer.

PETER MARRON, Lepsøy v/ Os. Engelsk keramikar utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Vi kjenner dei fine keramiske oselvarane hans frå galleributikken. Men på utstillinga blir det sauer på vegg!

FRØYDIS AARSETH, frå Vevring i Sogn og Fjordane. Utdanning frå m.a. Italia og Frankrike.

Ho har sidan 2011 hatt sin eigen malarskule i Bergen. Figurative bilde malt med olje.

LEIF HEDMAN, Fitjar. Skulptør som jobbar med metall.  Gjerne gjenbruk av metall.

Han vil visa ein lydskulptur i Stallen i tunet. Lyd v/ Helge Haaland.

Det vert opning ved ordførar Peder Sjo Slettebø.

Musikk har vore vesentleg på utstillingsopningane gjennom desse åra, fortel Guddal. Denne gongen vert det ein liten minikonsert i det nye serveringslokalet oppe på låven.

Ole Jacob Hystad – sax,  Atle Fredheim – vokal + blåseinstrument,  Ingebjørg Eik – vokal, Gopi Storegjerde – vokal, Gøril Skeie Sunde – cello, Bjarne Øymyr – piano, Stein Haugen – kontrabass, Torkjell Nerhus – trommer.

Bilete: Galleri Guddal. Fotograf: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.