Meny Lukk

Reinsdyrskjøt i vinden

Slaktesesongen for rein er godt i gong, og årets reinkjøt er no i butikkane. Det vert også meldt om god kvalitet og bra vekter, ifylgje Landbruks – og matdepartementet sine nettsider.

Det er mellom dei unge at forbruket av reinkjøt har hatt den største auken. Reinkjøt er noe av det sunnaste kjøtet ein kan eta. Så langt i år ligg talet på dyr som vert slakta 40 prosent, eller 7000 dyr, over fjoråret.

Etterspurnaden etter reinsdyrkjøt er god og framleis aukande. Den positive utviklinga har skjedd i heile verdikjeda frå vidde til bord. Produsentprisen har auka betydeleg og er no tilnærma dobbel så høg som den var i etterkant av finanskrisa.

– Forbrukarane ynskjer reinkjøt, og det er spesielt interessant å merka seg at i løpet av dei siste åra er det blant dei unge at forbruket av reinkjøt aukar mest, seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud.

– Undersøkingar viser at det er reinkjøt som vert oppfatta som det mest smakfulle, og er noko av det sunnaste kjøtet du kan eta. Reinkjøtet er smaken av vidda; dyra beiter i villmark, fylgjer årstidsvariasjonane og vert prega av omgjevnadene, seier Hoksrud.

Magert kjøt med høgt innhald av Omega 3

Forsking ved Universitet i Tromsø har vist at reinkjøtet er noko av det magreste kjøtet du kan eta. Kjøtet er i tillegg samanliknbart med fisk og sjømat når det kjem til Omega 3 og essensielle fettsyrer. Reinkjøtet inneheld meir enn dobbelt så høge verdiar av somme næringsstoff enn anna kjøt, samtidig som det kan samanliknast med kylling i fettinnhald.

Lokalmat og mat med historie

Reinkjøtbransjen og Markedsutvalget sitt systematiske arbeid, kombinert med aukt forbrukarinteresse for lokalmat og mat med historie, har medvirka til den positive utviklinga reinkjøtet har hatt i marknaden dei siste åra.

Naturen og dyrene sine beiter, er grunnlaget og bakteppet for dei gode assosiasjonane me har som naturelskande konsumenter og innkjøparar.  Landbruks – og matdepartementet skriv at reindriftens kvinner og menn er uløyselig forbunde med assosiasjonane knytt til måltidet basert på norsk reinsdyrkjøt. Den samiske kulturen er levande og gir opplevinga ytterlegare verdi fordi samane fylgjer flokken gjennom sine 8 årstider frå krevjande beitesesong vinterstid, flytting og kalvinga på våren, frodige sommarbeite til haust, brunst og slaktetid.

– Eg er optimist i forhold til reindrifta, seier Hoksrud. – Reindrifta er i ein unik situasjon der potensialet for etterspurnad er langt større enn potensialet for produksjon. I dette ligg det store mogelegheiter for aukt verdiskaping, seier Hoksrud.

Landbruks- og matministeren understrekar betydninga av at bransjen brukar dagens gode marknadssituasjon til utvikling av levedyktige verksemderer, bygd på eigen solid kunnskap og erfaring, og som leverer kvalitetsprodukt som marknaden etterspør.

– Dette vil både bidra til å sikra ei framleis livskraftig reindriftsnæring og til at fleire forbrukarar får gleda av å smaka kvalitetsprodukt av norsk reinsdyrkjøt, sier landbruks- og matminister Bård Hoksrud.

Bilete: Arkiv

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: