Fylkesordførar Anne Gine Hestetun seier at etterspelet frå folkerøystingane i Finnmark og på Vågsøy, viser at dette var folkerøystingar på overtid. I samtale med programsekretær JK Flattun påpeikar ho at no har Stortinget gjort to vedtak og er ferd med å gjera eit tredje. – Fylkestinga har og gjort tydelege vedtak, seier ho. – Så no er det å arbeida intenst for å få alt på plass til 01.01.2020.
Heile intervjuet høyrer du under
Det er framleis ikkje heilt semje mellom fylkespolitikarane i Hordaland når det gjeld samanslåing, melllom anna vil representanten Terje Kollbotn (Raudt) legga fram ein interpellasjon for fylkestinget, med oppmodong om folkerøysting, i morgon klokka 09:00, men Hestetun tek det med ro.
– Eg tenkjer det at når ein innfører omfattande reformer, så er den offentlege debatten ein del av det, og det må ein tåla i eit demokrati. Me må og tåla å vera ueinige og jobba for gode løysingar.
På biletet: fylkesordførarane i Hordaland og Sogn og Fjordane, Anne Gine Hestetun og Kenny Følling. Pressebilete.