Joar Førde som driv Mekk Hardanger kan fortelja om stor interesse for den nye verksemda si, Ciderkompaniet som han eig saman med Sigbjørn Huus. I samtale med programsekretær JK Flattun understrekar han at han også har produkt til ølbrygging. – Så det er ikkje berre sider, sjølv om sider er svært populært for tida.
Han fortel at dei får mailar frå heile landet med spørsmål om korleis ein lagar sider. – Folk har gjerne eit epletre i hagen der epla har ramla ned og råtna, men i år har dei plukka, pressa og skal setja sider.
Høyr intervjuet der Førde fortel om overtakinga av Ciderkompaniet, brygging og ikkje minst om hardingane sine ferdigheiter innan bryggekunsten.
På biletet: Joar Førde. Fotograf: Tone Mannsåker