I alt 248 bussar og 4372 busspassasjerar blei kontrollert på Vestlandet under Belte i buss- kampanjen førre veke ifylgje ei pressemelding frå Statens vegvesen. 156 av dei usikra fekk gebyr for manglande beltebruk.

Vel å ikkje sikra seg

Anne Margrethe Bøe som er kampanjeansvarleg i Statens vegvesen Region vest, er uroa over at det framleis er ein del som vel å sitje usikra i bussen når dei har moglegheit til å sikra seg med belte.

-Vi har skrive ut over 150 gebyr, og det er veldig mykje. Terskelen for å skriva ut eit gebyr på manglande bruk av belte i buss er høg, så eg kjennar at det er eit skuffande bilete me no har på kor medveten folk er med sikring av seg sjølve når dei tar buss.

-Me arbeider heile tida med å betra trafikktryggleiken på vegane våre, og eg ynskjer at folk skal tenka på sin eigen og ikkje minst andre sin tryggleik når det ikkje festar belte, seier ho.

God beltebruk blant sjåførane

Ho er likevel nøgd med at heile 248 bussjåførar vart kontrollerte, og at berre to av sjåførane sat utan belte.

-Tala seier meg at me kan tenka på sjåførane som våre ambassadørar for trafikktryggleik. Eg har også snakka med fleire bussjåførar denne veka som stadfestar at dei gjer ein god innsats for å sikra passasjerar og har eit ynskje om å bidra til ei trygg reise, seier Bøe.

 

 

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.