Laurdag 15.september inviterer Blueslaget lokst utøve til ettermiddagsblues på Iris Scene. Arrangementet er ein del av Blueshelga lokst utøve 2018 og rettar seg særleg inn mot den eldre garde.
– Me har plass til mange, så yngre innbyggarar er sjølvsagt velkomne også, seier leiaren i Blueslaget, Stein Egil Legård. – Men me synes det kjekt å ha eit tilbod til folk som har nådd pensjonsalder eller vel så det, for evna til å gle seg over live musikk har inga aldersgrense.
På Biletet: Nalle & His Crazy Ivans. Fotograf: Renate Aase.
Det er den danske veteranen Nalle som skal spela denne laurdag ettermiddag. Han har spelt i Odda mange gonger før, mellom anna på seniorblues i jubileumshelga i forfjor, då i teltet Magic Mirrors som var innleigd for helga.
Nalle er ein publikumsyndling i Odda og den som ikkje har høyrt han før, gjer lurt i å nytta sjansen no. – Han er 75 år og seier at han er ferdig med turnelivet, fortel Legård. – Så det er nok siste gong han er på scenen i Odda,
Dette er eit arrangement Blueslaget byr på. – Det er gratis inngang, så me vonar at mange finn vegen til Iris Scene denne laurdagen for å kosa seg med god musikk i godt selskap seier Legård.
Nalle spelar og på føremiddagsbluesen på Hardanger Hotel.
Høyr litt på Nalle & His Crazy Ivans her
Les meir om Blueshelga lokst utøve her