I 2017 eksporterte Noreg sjømat for heile 94,4 milliardar kroner. Til tross for at sjømat er ein av våre viktigaste eksportartiklar, veit unge lite om kva dei kan jobba med i næringa. Masterstudentar skal no få oppleva mogelegheitene på det som vert kalla marin student-bootcamper.
Prosjektet heiter Sett Sjøbein og er eit nasjonalt samarbeidsprosjekt for å synleggjera mogelegheiter i sjømatnæringa innafor havbruk, fiskeri og sjømatforedling – og alle ledd i desse næringene, ovafor ungdom.
Sett Sjøbein skal på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet arrangera tre bootcampar i ulike landsdelar i 2018, der den neste skal haldast i Sogn og Fjordane frå 13.-19. september.
Studentar frå alle studieretningar på masternivå frå alle høgskular og universitet i heile landet har kunna søka om å delta.
– Me har vald ut tjue topp motiverte studentar som får vera med denne gongen. Me tek dei med for å møta sjømatnæringa, der studentane får innsikt i kva for mogelegheiter dei har til å finna spanande jobbar, sjølv om dei fleste av dei ikkje har studert tradisjonelle marine fag, seier leiar i Sett Sjøbein, Janita Arhaug i ei pressemelding.
Vinnar vert kåra av fiskeriministeren
Etter to dager med bedriftsbesøk og presentasjonar vert studentane sett saman i fem tverrfaglege grupper som skal konkurrera om å finna den beste, innovative løysinga på ei viktig utfordring for næringa. Løysingsforslaga skal leverast innan 48 timer.
Studentane får også rettleiing av folk frå næringa og eit islandsk selskap som heiter Icelandic Startups, som er ekspert i å trena opp gründerbedriftar.
Gruppene skal presentera løysingsforslaga sine ved å levera ein forretningsrapport, og presentera den for ein fagjury. Studentane skal igjen i elden og presentera løysingsforslaga på ein næringskonferanse i regi av Måløy Vekst 18. september, og der skal fiskeriminister Harald Tom Nesvik kåra vinnaren.
– Eg vonar og trur at bootcampen kan vera med på å styrka rekrutteringa til sjømatnæringa, for me treng fleire flinke folk. Samtidig er det viktig at næringa lyttar til dei unge, og eg vonar mange bedriftar har høve til å delta på konferansen i Måløy, seier Nesvik.