Meny Lukk

Nypremiere på framsyninga «Migrasong – tonane dei bar med seg over havet»

Søndag 9. september vert det nypremiere på framsyninga Migrasong. Den blir vist rundt i 11 kommunar i Hordaland til 23. september. I Hardanger er det Eidfjord som får besøk.

På Biletet: Reidun Horvei. Fotograf: Mikolaj Mikolajczyk-

Hordaland Fylkeskommune fortel på nettsidene sine at i framsyninga «Migrasong – tonane dei bar med seg over havet» fylgjer me Olina (16) og Ananias (17) på reise til Amerika på slutten av 1800-talet. Ein vakker vårdag tok dei englandsbåten frå Bergen til Hull i England, med tog til Liverpool og så over Atlanteren til det lova landet, Amerika. Bagasjen skulle ikkje vega meir enn 75 kg, men songane dei bar med seg vog ingenting.

– Gjennom musikk, forteljing og biletspel ønskjer me å gje innsikt og formidla ein viktig og lite påakta del av historia om emigrasjon frå Noreg for 150 år sidan, seier fylkesmusikar Reidun Horvei.

Fortid og notid

– Me ønskjer å skildra eit levevis gjennom ulike røyster og miljøskildringar, farga av situasjonen som mange flyktningar og innvandrarar både i USA og Noreg lever under i dag. Gjennom sjøfart og folkevandring vart songen spreidd, før som no. Frå heile verda der menneska kjem i kontakt med kvarande oppstår det nye songar, seier Reidun Horvei.

Samarbeidsprosjekt

Framsyninga er tinga av Museumssenteret i Hordaland, og prosjektet er realisert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune. «Migrasong» skal på turné med 11 konsertar i 11 kommunar.

På turnéen har Redun Horvei med seg Øyvind Lyslo (strengjeinstrument) og Per Inge Hove (trøorgel). Regi er ved Tore Nysæter, og bileta er tilrettelagt av Steffen André Hagen.

Framsyninga er i Eidfjord kinosal 23.september.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: