Jondal kommune har mange lag og foreiningar og dagleg leiar ved Frivilligsentralen. Kristine Drake, fortel at dei er flittige brukarar av sentralen. – Dei brukar Frivilligsentralen som eit slags sekretariat, seier ho i samtale med programsekretær JK Flattun.
Ho forklarer at alle Frivilligsentralar i prinsippet skal driva utifra behova i regionen. – Det er på sett og vis innbyggarane som kjem til frivilligsentralen og melder sine behov og ynskje.
Drake hjelper til dømes med søknadsskriving, held kompetansekurs innnan strategiarbeid, rekneskapsføring, marknadsføring med meir.
– Me prøver og å bistå med informasjon om ulike tilskotsordningar til lag og foreiningar, så me er eit slags støtteapparat for dei som ynskjer å nytta seg av vårt bidrag.
Sentralen har og ein del aktivitetar som er velferdstilbod retta mot sjukeheimen i kommunen. – Der har me eit tett og godt samarbeid med Kvinne – og familielaget i Herand og i Jondal, som er ansvarlege for desse velferdstilboda. Der fungerer me som ein slags fascilitator der eg inviterer til møte og set opp datoar for kor tid ting skal skje. Eg lagar plakater og heng dei opp og snakkar med dei som skal snakkast med. Deretter gjennomfører laget aktiviteten.
Frivilligsentralen i Jondal organiserer det dei kallar Frisktrim ein gong i veka. – Me har og Lunchtreff for seniorar kvar onsdag og me har ein del samarbeid med flyktningkoordinatoren, mellom anna språkhjelp. Ein kan seia at alt som er frivillig, alt som skjer på fritida, er vårt anliggande.
Når det gjeld hjelp til å meistra digitale hjelpemiddel, har ikkje Jondal Frivilligsentral hatt kompetanse på det. – Men no er me så heldige at Odda Frivilligsentral har fått midler til å halda kurs innan dette, og der er alle i den komande storkommunen velkomne til å vera med, kvar tirsdag på kurs og drop in hjelp på torsdagar. Elin Myran og Knut Steinar Bu ved Frivilligsentralen der, er svært gode på data, seier Drake. – Det kan vel henda at Elin har fått eit tips av oss, men eg må skryta av Odda for dei har drive i mange år og er kjempeflinke.
Frivilligsentralane i Hardanger og på Voss har jamnlege nettverkverkssamlingar der dei reiser rundt til kvarandre og utvekslar erfaringar og diskuterer utvikslingsmogelegheiter.
Eit noko originalt konsept som Frivilligsentralen i Jondal har, er Gratisbutikken. – Den starta fordi det kom nokon innom og fortalde at dei hadde så mange fine vinterklede som dei ikkje brukte lenger, men dei syns det var synd å kasta dei.
Drake fortel at ho sende ut melding om at ho hadde noko hengande. – Så spreidde det seg, det kom inn litt meir og sjølv samla me inn ski og utstyr til flyktningar for to år sidan. Då hadde me 15 par ski ståande og folk kom innom og henta det som passa for dei, så slik starta det.
Drake har kjøpt eit stativ på Ikea og dette trillar ho ut når det er fint ver. – Av og til når eg kjem om morgonen, har folk vore og levert ting, så det har liksom gått litt av seg sjølv. Gjenbruk er jo og i trå med trenden i tida at me ikkje skal overforbruka eller sløsa.
Som mange andre som driv med frivilligheit, har også Frivilligsentralen i Jondal bruk for fleire frivillige. – Er det nokon i Jondal som høyrer dette og har lyst å bidra med litt av overskotet og tida si, må dei gjerne ta kontakt med meg.
Intervjuet kan du høyra under