Meny Lukk

Folket har talt

Folkefavoritten

6471 personar har røysta, og det var Jorunn Andreassen (53) sitt forslag med kysten til det nye fylket som vart best likt av dei 18 finalebidraga til nytt fylkesvåpen for Vestland, ifylgje ei pressemelding frå Jennifer Fossnes, Senior kommunikasjonsrådgjevar og webredaktør i Organisasjonsavdelinga | Kommunikasjonsseksjonen i Hordaland Fylkeskommune .

Bilete av folkefavoritten: vlfk.no

Den endelege avgjerdsla er framleis eit stykke unna, men vinnaren er både overraska og glad.

–      Er det mogeleg? Det var eigentlig ein vill og gal idé. Eg tenkte først på både vikingar og historie og alt, men fann ikkje noko som appellerte. Så tenkte eg på korleis det vil det sjå ut når me slår oss saman, seier den glade vinnaren på telefon frå Jølster i Sogn og Fjordane.

Jorunn Andreassen seier vidare at ho hadde leika med  tanken om å ha ei deleline, men at det vart feil fokus. Etter å ha spurd folk og grubla litt kom forslaget om kartutsnittet.

–      Eg synest det var morosamt at fleire forslag var ganske like, berre i andre fargar. Det grøne for meg representerer frodigheita på Vestlandet, i tillegg til at det er ein farge som ikkje er på dei noverandre fylkesvåpena våre, seier ho.

Då avstemminga vart avslutta klokka 12.00 i torsdag, var det 6471 personar som hadde stemt på sitt favorittfylkesvåpen. Vinnaren fekk 1632 røyer, noko som utgjorde over 25 prosent av røystene. Forslaga som kom på andre og tredjeplass fekk 970 og 878 røyer. 

 Kulturdirektørane nøgde med engasjementet

 –      Sjølv om fylkesvåpenet er ei viktig sak, hadde me ikkje våga å håpa på at dette skulle engasjera så mange av innbyggarane. Både dei innkomne forslaga og avstemminga viser tydeleg kor mange som ser på natur og landskap som vårt viktigaste kjennemerke. Vestland fylke er fjordar, frodige dalføre, ville fjell og kvite brear. Her ligg eit rikt symboltilfang, og møtet mellom land og sjø er eit av dei. Folkefavoritten vert slik eit viktig innspel i den vidare prosessen, seier Per Morten Ekerhovd, konstituert fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune.

Heile fylkesvåpenprosessen har skapt eit voldsomt engasjement, med heile 669 innsendte forslag i den opne innspelsprosessen. Også kulturdirektøren i Sogn og Fjordane er nøgd:

–         Det er veldig kjekt med det store engasjementet som har vore rundt røystinga til folkets favoritt. Vinnarforslaget med vår kystlinje som famnar om heile det nye fylket, er noko eg tur innbyggarane i det nye Vestland fylke kan relatera seg til. Det vert spanande å sjå kva som vert det endelege resultatet, seier Ingebjørg Erikstad.

27 000 kr rikare

Vinnar Jorunn Andreassen hadde heile to våpenskjold i finalen, som begge vart stemt vidare av folkejuryen. Det andre bidraget hennar kom til slutt på niande plass. Andreassen sjølv kan sjå seg 27 000 kroner rikare, 25 000 kr for vinnarbidraget, og 2000 for det andre finalebidrag. Alle finalistane får 2000 kronar kvar.

 –  Det er kjekt med pengepremie, men det er større å ha nådd fram til majoriteten, seier ho.

Det har vore ei veke med nettrøysting, der ein kun har hatt høve til å avgje éi røyst kvar.

Endeleg avgjerd i desember

Sjølv om dette vart folkefavoritten av dei innsende forslaga frå publikum, er det ikkje slik at dette automatisk vert det endelege fylkesvåpenet til Vestland.

Fagkomiteen skal i neste veke melda inn tre motiv, eitt frå kvart av temaområda kultur, historie og natur. Fem designbyrå skal teikna eit forslag kvar til kvart av motiva, samt eit fritt forslag.

Desse 20 forslaga vil saman med folkefavoritten verta vurderte av fagjuryen, som etterpå vil legga eit forslag frå kvar kategori fram for fylkespolitikarane. Då vil også folkefavoritten verta lagt ved. Det er fylkespolitikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane som i desember vil ta den endelege avgjerda om kva som vert Vestland sitt fylkesvåpen.

 For at folkefavoritten skal vurderast som eit reelt fylkesvåpen på lik linje med dei som byråa skal teikna ut, kan det vera naudsynt med grafiske justeringar, slik det framstår i konkurransevilkåra for innspelsprosessen.

 

 

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: