No er det din tur til å seia di meining om kva for eit fylkesvåpen Vestland skal ha! Fram til torsdag 30. august kan du røysta på din favoritt! Dei 18 forslaga er dei fylkesvåpna som både en fagjury og ein folkejury likte best av dei 667 forslaga som er komne inn frå publikum.
At det berre er 18 forslag å stemme på, og ikkje 20, betyr at to av forslaga var på lista hos både fagjuryen og folkejuryen.
Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar fortel i ei pressemelding at
reglane for avrøystinga er desse:
- Det er ei røyst per mobilnummer
- Vi ber om mobilnummer for at ikkje nokon skal stemme mange gongar
- Det er gratis å røysta
- Avrøystinga er anonym
- Alle som avgir røyst vert med i trekninga av fem universalgåvekort à 500 kr
Du kan røysta fram til torsdag 30. august kl. 12.00.
Personen som har utforma forslaget som får flest røyster vil få 25 000 kroner i premie. Dei andre finalistane får 2000 kroner kvar.
Du kan røysta HER
Endeleg avgjerd i fylkestinget
Dette er ikkje ein avstemming av det endelege fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune. Folkefavoritten vert, saman med tre forslag frå fagkomiteen, tatt med vidare i ein designkonkurranse. Her blir inntil fem designbyrå invitert til å lage sine forslag til nytt fylkesvåpen. Dei står etter reglene fritt til å designe noko nytt, bruke forslaga som inspirasjon, eller bruke eit forslag i sin heilhet.
Etter at designbyråa har levert sine forslag skal fagkomiteen gjere ei vurdering av alle desse framlegga, og så innstille eitt av dei til nytt fylkesvåpen. Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som vedtek det endelege fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune mot slutten av året.
Fylkesvåpena i finalen er teikna av:
- Ola Henning Målsnes
- Øyvind Andersson
- Brage Dybwad
- Brede Taraldset
- Jessica Ella Smith
- Gaute Knapstad
- Jorunn Andreassen (to stk)
- Anita Johannessen
- Helge Oskar Alsos
- Per Flatøy
- Even Jarl Skoglund
- Jens Drageset
- Vilde Heggland
- Rebecka Fedøy Randal
- Ragnar Vikøren
- Peter Ernst Wilhelm David Hanssen
- Frank Halhjem