Meny Lukk

Old River Saloon i Etne «still going strong»

Før sommaren er til ende, har Old River Saloon meisla ut programmet for hausten og framover, fortel Aslaug Mala i ei pressemelding. På biletet: Contrazt.
Under kan du høyra ho fortelja i samtale med programsekretær JK Flattun.

I pressemeldinga skriv ho at saloonen som alltid er open kvar laurdag, både med levande musikk og pubkveldar. – Og som før har me eitt større arrangement ein gong i månaden. I tillegg inviterer me no til eit eige arrangement den siste fredagen i kvar månad.  Denne kvelden har me mynta på eit litt vakse publikum, noko som har vore etterspurt lenge.

Først ute her er Roar Brekke og Arne Torget som kjem til Saloonen med eit forrykande Standupshow fredag 31. august.

Programmet for dei neste fredagane er snart i boks og vil bli annonserte etter kvart.

Lørdag 22. september byr Old River Saloon opp til Dansefest med  Contrazt i Pink Cadillac. – Contrazt er for tida det mest etterspurde dansebandet i landet. Med si store speleglede, sitt sceneshow og store utstråling på scenen er publikum garantert ein topp dansekveld, skriv  Mala.

Lørdag 6. oktober er Gunslingers tilbake på scenen i Pink Cadillac. Mala fortel at desse gutane frå Øystese har opparbeidd seg eit stort navn innan sjangeren country- og folkrock.  – Publikum veit kva dei får når dei entrar scenen.

Lørdag 20. oktober er det Vassendgutane sin tur. Som gutane frå Øystese, har gutane frå Sunnmøre, med sine folkelege låtar og ditto musikk, eit stort publikum i vårt område.

I november er det julebordtider.  – Laurdag 24. november dekker me borda med tradisjonell julemat og musikk frå Hardanger. Bandet er Sølvsuper frå Ullensvang, som gjorde stor suksess på Morellfestivalen i sommar og dei spelar opp til dans.

Programmet for desember er så godt som i boks det og, ifylgje pressemeldinga.

– Og om ikkje det er nok, har me starta jakta på dei beste artistane til påskehelga neste år, seier Mala

– Me kan forsikra dei som har lurt på koss det går med Saloonen; Old River Saloon is still going strong!

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: