Meny Lukk

Fossekveld på Kraftmuseet

Ringedalsdammen

Fredag 24.august er det fossekveld i Kraftstasjonen i Tyssedal i samband med Turisforeininga sitt 150 – års jubileum. Det vert både foredrag og undehaldning.
Høyr programsekretær JK Flattun i samtale med Knut Marhus, direktør ved Kraftmuseet.

Markhus skriv på Facebooksidene til Kraftmuseet at Turistforeininga har har ei brokete historie i samband med fossane i Skjeggedal.  Det er Ottar Skogseth som skal fortelja denne historia fredag.

I foredraget hans spelar 150-årsjubilanten DNT både helte- og skurkerolla. Turistforeininga sitt engasjement i Skjeggedal var først av det klassiske slaget. DNT og lokale interesser sørga i siste delen av 1800-talet for å bandlegga fossane med eit ”servitutt”, ein avtale om at fossane aldri skulle overlatast til industrielle formål og verta borte som turmål. Dette var truleg det første store naturverntiltaket i Norge. Sidan bygde DNT ein ny turistveg opp til Skjeggedal, og malte stolt logoen sin i fjellsida.

Men det skulle visa seg at den juridiske avtalen ikkje kom til å gjelda lenger enn til ein ny avtale kom på plass. Etter press og lobbyverksemd frigav generalforsamlinga i DNT fossane til utbygging i 1920, mot økonomisk kompensasjon. Bergen Turlag, Fylkesmannen og mange lokale aktørar sende inn protestar i forkant, og debatten var aktiv i avisene. Men servituttet vart oppheva. Etterpå vart det rettssak, men det endra ikkje konklusjonen. I 1967 forsvann fossane inn i tunellar og kraftstasjon, då var Tysso II-anlegget var ferdig utbygd.

Kampen om fossane i Tyssedalsfjellet var kanskje den første store naturvernkonflikten i Norge. Ottar Skogseth har sett seg grundig inn i denne spennande historia. Kven var for og kven var imot å oppheva servituttet? Kva sto det i avisene? Korleis kunne eigentleg DNT snu i denne viktige saka? Dette vil bli grundig belyst i Ottar Skogseth sitt foredrag skriv Markhus.

Maria Digranes skal synga på arrangementet,  Arne Jordan skal spela hardingfele og Inge Reinsnos skal lesa dikt.

Etter arrangementet er det transport til Skeggedal for avduking av ny informasjonstavle.

Søndag er det Ringedalsmarsj med innslag undervegs ifylgje Markhus.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: