Meny Lukk

No kan du søka midler til lokale trafikktryggleikstiltak i 2019

– Lokalt trafikktryggleiksarbeid er ein svært viktig del av arbeidet for auka trafikktryggleik. Tilskotsordninga for lokale trafikktryggleikstiltak skal bidra til å styrkje lokalt trafikktryggleiksarbeid i regi av frivillige organisasjonar, interessegrupper, kommunar og andre lokale aktørar, eier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

I 2019 deler Samferdselsdepartementet ut fire millionar kroner til lokale trafikktryggleikstiltak.

Søknadsfristen er 1. april 2019.

Lokalt trafikktryggleiksarbeid er viktig
Det norske trafikktryggleiksarbeidet er tufta på samarbeid. Lokale initiativ og bidrag er svært viktige om vi saman skal klara å redusera talet på omkomne og skadde i trafikken. Alle som har eit godt lokalt prosjekt som kan gjera trafikkvardagen tryggare, vert oppfordra til å søka om midlar.

I vurderinga av søknadene, blir følgande vektlagt:

  • Om tiltaket bidreg til det nasjonale målet om reduksjon av drepne og hardt skadde i trafikken.
  • Dei som søker må ha kunnskap om lokale trafikktryggleiksutfordringar og -behov, og forståing for kva målgrupper, eller ulykkestypar tiltaket rettar seg mot.
  • Det blir lagt vekt på om prosjektet er basert på samordna innsats frå fleire aktørar.
  • Tiltak retta mot barn og ungdom blir prioritert, samd prosjekt som stimulerer til stor grad av eigenaktivitet og frivillig arbeid.

Tildelingskriterier
Alle kan søka om tilskot til lokale trafikktryggleikstiltak. Tilskotsordninga er likevel i utgangspunktet ikkje meint til å finansiera tiltak knytt til lønskostnader, ordinær drift og administrasjon. Den er heller ikkje meint å finansiera større kommunale prosjekt. Konkrete lokale tiltak som bidrar til å nå måla for ordninga, vil difor verta prioriterte.

Søknaden skal som eit minstekrav gje opplysningar om:

  • Mål for det lokale prosjektet, inkludert kva for lokale utfordringar og målgrupper tiltaket er retta mot
  • Kva resultat søkaren forventar at prosjektet vil få
  • Framdriftsplan
  • Finansieringsplan der det går fram kva tilskotet skal dekka, samd spesifisert bidrag frå eventuelle andre aktørar.
  • OBS! Ved søknad om tilskot til tiltak på vegnettet utover ansvarsområdet til søkaren, må det ligga føre tillating frå vegeigar.

Søknadar som ikkje inneheld desse krava vil ikkje bli vurderte.

Som en hovudregel er øvre grense for tildeling av tilskot 500.000 kr. Tilskotsordninga er ikkje rettsbasert. Søkar har difor ikkje krav på tilskot sjølv om alle vilkår er oppfylt.

Tilskot skal som ein hovudregel nyttast i 2019.

Søknader blir handsama først etter utløp av søknadsfristen. Siste frist for å søkje for 2019 er 1. april.

Søknaden skal sendast til Samferdselsdepartementet

Les meir om ordninga, og korleis du kan søka her.

Se kva for tiltak som fekk tildelt midlar i 2018.

Illustrasjonsbilete: Arkiv

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: