Kan single bananar få deg bli å bli ein medveten forbrukar? Det er tema for biblioteksturnéen til Mette Nygård Havre.

Bibtiotela i Odda, Kinsarvik, Kvinnherad og på Voss og er alle på matreddar Mette Nygård Havre sin foredragsturné om matsvinn som skal få deg og meg til å bli  betre forbrukarar. Dette fortel Hordaland Fylkeskommune på nettsidene sine.

– Hordaland fylkeskommune har funne ut at biblioteka kan samla heile familien, og dei er difor ein ideell arena for ein klimaturné. Vi er og vande med å få lærdom på biblioteket, så det passar meg bra. Eg har lyst å gå ut og treffe folk, seier Mette Nygård Havre.

Det er ei lang liste med 17 stoppetader ho skal gjennom i vår.

– Det blir litt av ei reise! Men det er viktig at vi kjem ut til dei små plassane. Det er det fine med en biblioteksturné. Eg håper at folk vil  fortelja og koma med innspel til gode tips som eg kan ta med vidare.

Havre fortel at det vert kasta 60.000 bananer i Noreg – kvar dag! – Når eg fortel dette, elskar ungane det. Dei gå rett ut og kjøper ein singel banan, og nokre sender meg bilete av det. Det viser meg den påverknaden det har, påpekar ho.

Tilskot frå klimaplanen

Klimaturneen er blitt til på bakgrunn av at fylkesbiblioteket har fått tilskot frå «Klimaplan for Hordaland 2014-2020» under tiltak 1.9 i Handlingsplanen: «Folkebiblioteket som pådrivar for ein grønare kvardag». Målet er at alle folkebibliotek skal få tilbod om utstilling, foredrag og debattopplegg.

– Mette sitt opplegg med «Spis opp maten» kombiner med eit breiare fokus på forbruk, passer godt inn under tema i klimaplanen, samstundes som det er eit tema med brei appell og som det er relevant for folkebiblioteka å ta opp. Mette har etablert seg som ein aktiv og synleg formidlar på dette området, og vi trur innbyggjarar i fylket vil vere interesserte i dette, seier Elin Golten som er seniorrådgjevar ved fylkesbiblioteket.

Her kjem turneen

Turneen tjuvstarta 7. november i Eidsfjord og skal gå til 16 folkebibliotek i fylket frå januar til april i år

  • Voss bibliotek 29. januar kl. 19
  • Fitjar folkebibliotek 11. februar kl. 09
  • Stord folkebibliotek 11. februar kl. 19
  • Samnanger bibliotek 12. februar kl. 19
  • Fusa folkebibliotek 14. februar kl. 19
  • Odda bibliotek 19. februar kl. 19
  • Sveio folkebibliotek 21. februar kl. 18
  • Radøy bibliotek 11. mars kl. 20
  • Kvinnherad bibliotek 12. mars kl. 17
  • Lindås bibliotek – på Knarvik bibliotek 14. mars kl. 19
  • Austevoll folkebibliotek 26. mars kl. 18
  • Sund folkebibliotek 2. april kl. 19
  • Øygarden bibliotek 3. april kl. 19
  • Fjell folkeboksamling 4. april kl. 19
  • Kinsarvik bibliotek 9. april kl. ??
  • Tysnes folkebibliotek 10. april kl. 18
  • Bømlo folkebibliotek tid er ikkje klart

Foredraga vil vare i om lag 45 minutt. Deretter blir det lagt opp til spørsmål/svar og samtale.

Bilete: Arkiv

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d