Meny Lukk

Størst i vest innan fornybar energiproduksjon

Hordaland står for 40 prosent av årsverka innan fornybar energi på Vestlandet, fortel fylkeskommunen på nettsidene sine.

Dette går fram av ein ny nøkkeltalsrapport gjort på oppdrag frå Vestlandsrådet. Rapporten frå Samfunnsøkonomisk analyse viser at fornybar energiproduksjon sysselsette 2 173 årsverk i Hordaland i 2017. Med 40 prosent av årsverka i næringa på Vestlandet, er den fornybare energiproduksjonen i Hordaland størst blant dei fire vestlandsfylka. Den fornybare næringa i fylket utgjer 13 prosent av årsverka i næringa på landsbasis.

Nøkkeltalsrapporten er ein årleg rapport utarbeidd av Samfunnsøkonomisk analyse på oppdrag frå Vestlandsrådet – eit politisk samarbeidsråd som består av fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

– Hordaland fylkeskommune set krav for å finna miljøvenlege løysingar innan både produksjon og bruk av energi. I november fekk vi pris for å vere best på elektrifisering av fylka i Norge, noko som vart lagt merke til. Vi skal fortsetta å arbeida for å kutta utslepp, mellom anna innan transportsektoren, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Vind, vatn og biogass

Fornybar energiproduksjon inneber i rapporten energiproduksjon og distribusjon basert på fornybare energikjelder som vind, vatn og biogass. Det gjeld òg distribusjon og handel med elektrisitet basert på fornybar energiproduksjon.

– Fornybar energiproduksjon er ei næring med stor geografisk spreiing i fylket, og er ein viktig bidragsytar til verdiskaping utanfor bergensregionen, seier Hestetun.

Næringa utgjorde 1,3 prosent av sysselsette årsverk i Hordaland i 2017. Til samanlikning hadde overnattings- og serveringsnæringa 3,8 prosent av sysselsette årsverk same år. Sjølv om fornybar energiproduksjon hadde færre årsverk, produserte næringa 2,9 prosent av Hordaland si verdiskaping. Det er betydeleg høgare enn verdiskapinga frå overnatting og serveringsnæringa på 1,8 prosent. Betydinga av verdiskaping er sentralt og blir vektlagt i rapporten ettersom det inkluderer overskot til eigarane, lønnsutbetalingar til tilsette og skatt som kjem samfunnet til gode.

Studerer fire næringar på Vestlandet

Rapporten inneheld nøkkeltal frå fire utvalde næringar på Vestlandet – den marine næringa, maritim næring, ikkje fornybar energiproduksjon og fornybar energiproduksjon. Tala bygger på regnskapstal for 2017. Rapporten måler styrken til fylka innan dei ulike næringane, og viser mellom anna kor stor del verdiskapinga i næringane som kjem frå føretak på Vestlandet. Rapporten er utarbeidd av Samfunnsøkonomisk analyse i samarbeid med Hordaland fylkeskommune, som er faglig ansvarlig på vegne av Vestlandsrådet.

Kraftproduksjon størst

Aktørane innan fornybar energi i fylket omsette for 13,7 milliardar i 2017, der produksjon og tenesteleverandørane stod for den største delen. Verdiskapinga i næringa skjer i hovudsak innan kraftproduksjon. Dette heng saman med lønnsemda hos dei store aktørane som BKK og Statkraft. Fornybar energiproduksjon sysselsette totalt over 5 300 årsverk på Vestlandet. Dette utgjer om lag ein tredjedel av årsverka i næringa i landet i 2017.

Sterk posisjon nasjonalt

Når det gjeld dei andre næringane i rapporten, er det den ikkje-fornybare energiproduksjonen som er den klart største både på Vestlandet og i Hordaland. Næringa hadde tolv prosent av årsverka i føretak i Hordaland i 2017. Hordaland ein sterk posisjon i næringa med 4,1 prosent av årsverka på landsbasis.

Nøkkeltalsrapporten viser òg at den maritime næringa sysselsette nesten 14 000 årsverk i 2017. Hordaland hadde 22 prosent av sysselsette årsverk og 19 prosent av maritim verdiskaping i Norge i 2017. Til samanlikning sysselsette den marine næringa 5 400 årsverk, som tilsvara 37 prosent av næringa på Vestlandet. Hordaland var det nest største fylket innan marin næring i 2017, berre slått av Møre og Romsdal.

Arkivbilete: Fotograf: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: