Hardangerakademeitet startar sin aktivitet alt kommande helg, med eit ope møte og konsert på Jonatunet laurdag 12. januar fortel Leig Johnsen, styremedlem i Hardangerakademiet, i ei pressemelding.
Prof. Ove Jakobsen vil ta opp tema «levande lokalsamfunn og
lokaldemokrati» på det opne møtet, i foredrag og dialog med publikum.
Spørsmål han innleiar til dialog om er:
«Korleis skape engasjement og deltaking for å utvikle livskvaliteten i
samfunnet – i samspel mellom berekraftig miljø, levande kultur, og
livskraftig økonomi?»
Den travle professoren reiser for tida landet rundt på møte om dette
temaet. Han er ein viktig støttespelar for akademiet, koordinator i
rådet, og dei får han inn til seg i samband med ei boklansering på
Litteraturhuset i Bergen i høve den nye boka hans om «økologisk økonomi».
Magne Skrede framfører Draumkvedet på kvelden.
Bilete: Jondal. Arkiv