120 000 mødre og fedre som årleg søker om foreldrepengar, vil no få det mykje enklare. Det nye, heildigitale foreldrepengesystemet gjer at du kan planlegga enklare med ein digital kalender og få svar på sekundet. Dette fortel Barne – og likestillingsdepartementet på sine nettsider.

– Det har vore altfor vanskeleg å søka om foreldrepengar. No skal ein kunna sitta heime i sofaen og fylla ut alt på nett, framfor kompliserte søknadsskjema som det har vore tidlegare, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.

– Det beste med dette systemet, er at det er veldig lettvint for dei som søker, det reduserer risikoen for feil og det frigjer mange ressursar for NAV, som dei i staden kan bruka på å hjelpa dei som treng det, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Mandag møtte dei to statsrådane NAV-direktøren og nokre nybakte foreldre for å testa den nye løysinga og markere at det har vorte enklare å søka om foreldrepengar.

800 000 færre skjema

Den nye heildigitale løysinga inneber mellom anna:

– Eg er veldig nøgd med at ei så viktig søknadsordning har fått ei meir moderne utforming, og vonar dette gjer livet mykje enklare for mange. Ei endring eg er veldig glad for, er at fellesdelen no ikkje automatisk ligg på mor – ein detalj som eg vonar kan vera med å få fleire menn til å ta ein større del av den betalte foreldrepermisjonen, seier barne- og likestillingsministeren.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese