Den siste veka før jul er alltid ei av årets mest travle, noko som og visar
på statistikken over trafikkulukker. I tilsvarande veke i fjor kolliderte me for
over 200 millionar kroner, visar tal frå Finans Norge.
— Det er god grunn til å tru at det vert minst like ille i år. Julaften kjem
på ein mandag, noko som betyr at folk vil vera i handlemodus heile helga og svært
mange vil trafikkera mellom kjøpesentera. I dagane før jul i fjor smalt det
tett oppunder 2000 gonger kvar einaste dag, seier Torbjørn Brandeggen,
kommunikasjonsrådgiver i Tryg Forsikring i ei pressemelding.
Kvart einaste år er bitte lille julaften, 22. desember, mellom dei verste
ulukkesdagane i trafikken. I fjor inntraff 1.993 trafikkulukker denne dagen til
ein kostnad på over 37 millionar, og det er desidert flest menn som sit bak
rattet når det smell.
— Mannlege sjåførar er representert i nær dobbelt så mange ulukkestilfelle som
kvinner. Derfor oppfordrar me kvinner til å køyra dersom ein kan velga. Statistisk
er verstingen ein mannleg bilførar i alderen 35 til 50 år, seier Brandeggen
Over 11.000 trafikkulukker
Den siste veka før jul i fjor, var det 11.642 trafikkulukker som medførte
erstatningsbeløp for over 216 millionar kroner. Det var flest eineulukker,
ulukker der det kun er éin bil involvert. Deretter følger påkjørslar bakfrå,
kollisjonar i kryss, ryggeulukker og påkjørsel på parkerte køyretøy. Antalet
bulkeulukker er langt over normalen, svært mange dultar borti kvarandre.
Menn dominerer ulukkesstatistikken, som vert toppa av alderen 35 til 50 år, foran 50
til 64 år, etterfylgd av menn i aldersgruppa 65 til 97 år.
— Det er nok fleire mannlege sjåfører enn kvinnelege, men likevel er det
nærliggande å anta at kvinner generelt er flinkare til å behalda roen bak rattet
i juletida. Det er påfallande at over dobbelt så mange mannlege bilførarar
kolliderer desse dagane, enn kvinner. Årsaka bak mange av trafikkulukkene er
gjerne stress og dårleg tid. Bilistar på veg til og frå parkeringsanlegg ved
overfylte kjøpesenteri er en gjengangar, seier Brandeggen.
Bilete: Colourbox