Meny Lukk

Den største juvelen Odda kommune tar med seg

Med desse orda heidra ordføraren i Odda, Roald Aga Haug, Blueslaget lokst utøve fredag kveld då han som invitert gjest deltok på laget sitt 25 – årsjubileum. – Når det er snakk om kommunesamanslåing, er kanskje Blueslaget lokst utøve den største juvelen Odda kommune tar med seg inn i den nye storkommunen Ullensvang. 

Aga Haug trakk fram den store innsatsen Blueslaget har gjort sidan 1993, ikkje berre for eigen del, men for svært mange andre kulturaktørar i lokalsamfunnet også, mellom anna Litteratursymposiet. 

Aga Haug trakk og fram Blueslaget si store satsing på unge talent. Kvart år sponsar lokst utøve jenter og gutar som ynskjer å delta på Little Steven’s Music School i samband med Notodden Bluesfestival. Ordføraren har sjølv vitja dette seminaret for ungdom og fått bekrefta at Odda truleg er den kommunen som har sendt flest ungdomar dit – på Blueslaget si rekning.

Og laurdag føremiddag fekk publikum sjå resultatat av denne satsinga, for føremiddagen var sett av til unge oddingar  somme av dei har vore på Notodden – sågar fleire gonger, sponsa av Blueslaget. Og dei retta ein varm takk Blueslaget for å ha fått denne mogelegheiten, og dei gav attende i form av vakker musikk og sang foran eit stort publikum. Musikklærarane Arpad Buta og Håkon Widding medvirka på komp.

Krister Andersson som var ungdomskontakt i Blueslaget sitt styre i fleire år, var konferaniser denne føremiddagen.

Velkommen
Karine og Renate
Magnus og Arpad
Lars og Synne
Tuva
Tommy
Eric Slim Zahl

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: