Frontfiguren i bandet Good Time Charlie, Arle Hjelmeland, har drive med musikk i det han kallar ein mannsalder, og kreativiteten er framleis på topp med hyppige utgjevingar – ikkje minst for born. 16.november slapp bandet «Lakenskrekk» den tredje i den herlige Jubelbluesserien.
I samtale med programsekretær JK Flattun seier Hjelmeland et det på sett og vis finst to utgåver av bandet. – Me har musikk for dagtid, Jubelbluesen, for born i alle aldrar, og så har me kveldsutgåva av Good Time Charlie, som er på engelsk, for vaksne.
Hjelmeland skriv på dialekt i Jubelblues og seier at han velger aktuelle emne slik at det skal treffa i alle aldrar. – Jubelblues spelar me for alt frå barnehagebarn til besteforeldre og faktisk hender det ganske ofte når me spelar på kveldstid, at folk kjem med ynskje om noko frå Jubelbluesplatene.
På lenka under kan du høyra smakebitar frå «Lakenskrekk» som er mist like morosam og fengande som dei to føregåande, samt intervjuet med Arle Hjelmeland som mellom anna fortel korleis ideen om å laga musikk for born oppstod.
På Biletet: Arle Hjelmeland og Steinar Karlsen. Fotograf: Tone Mannsåker