Fredag 16.november snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med Arle Hjelmeland, frontfigur i bandet Good Time Charlie, som slepp nok ei plate for born i desse dagar, Lakenskrekk er namnet.
Dagleg leiar i Vossa Jazz, Trude Storheim, er og på tråden for å fortelja om Jolajazz.
I går, torsdag 15.november, arrangerte Miljøpartiet De Grønne, møte i Odda. Kari Mostad, heradstyrerepresentant i Kvam er mellom dei som vert å høyra derifrå.
På Iris Scene i Odda vert det ei travel helg. Leiaren i Blueslaget lokst utøve, Stein Egil Legård, fortel at både De musikalske dvergene og Daniel Kvammen kjem på besøk.
Sendinga startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02 og kan høyrast på nettradio og på FM – bandet eller på lenkene under.
Klokka 13:02 er det Countryskred med Svein Hop og klokka 18:02 kjem Harald og Franks Country – og Bluegrass Jamboree.