Site icon Radio Folgefonn

Hardanger – ein region med ei berusande framtid!

Når Hardangerkonferansen pyntar seg med slagordet «Hardanger – ein region med ei berusande framtid», nyttar ein ordet berusande i betydninga henført eller ivrig, ifylgje dagleg leiar i hardangerrådet, Jostein Eitrheim.

– Me ser jo at siderproduksjon har vorte ei stor og flott næring regionen, seier han i samtale med programsekretær JK Flattun. – Næringa er jo i ferd med å etablera seg i marknaden på den måten at Hardangersider byrjar å verta eit omgrep.

Hardangerkonferansen som startar onsdag 14.november i Ulvik, skal den første dagen ha fokus nettopp på sidernæringa. – Seinare går konferansen over på ein reiselivsdel, men desse to heng saman, seier Eitrheim.

På lenka under kan du høyra heile intervjuet.

https://folgefonn.media/wp-content/uploads/2018/11/Hardangerkonferansen-Jostein-Eitrheim.mp3

Bilete: Arkiv

Exit mobile version