Hopp til innhaldet
Din lokalradio i Hardanger

Radio Folgefonn

Lyden av Hardanger.

Nære historier. Gode samtalar. Høyr lokalradioen direkte, eller finn eit program du vil ta med deg vidare.

Direkteradio, podkastar og lokale sendingar samla på éin stad.

Velkomen til Radio Folgefonn

Radio Folgefonn er den lokale røysta i Hardanger. Her får du nyheiter, kultur, debatt og gode historier frå fjord og fjell – fortalt av folk som bur her. Vi løftar fram lokale initiativ, musikk og samfunnsengasjement, og gjev deg program som speglar kvardagen i regionen.

Lytt direkte, høyr podkastar frå sendingsarkivet – og bli med på å halde lokalradioen levande.

Radio Folgefonn Hovudkanal - Radio folgefonn

Torsdag 19:00–19:35

Hummer og kanari ep. 4

Programleiar: Kine Vikse og Jan Kjetil Flattun

Teknisk: Jan Ketil Flattun. Redigering: Kine Vikse

I denne episden av Hummer og kanari er det reiselivet som står i fokus, og med konferansen Hardanger next og opninga av nye Odda Terminal med turistinformasjonen. Høyr intervjuer med Sjur Vågen frå Visit Hardangerfjord, Ann Iren Myrheim i Hardangerrådet og Julia Svåsand i Turistinformasjonen i Odda.

Ny episode · 07.05.2026
Fredag
06:00–06:20
Hummer og kanari episode 4 (r)
Reprise
Laurdag
11:00–11:20
Hummer og kanari episode 4 (r)
Reprise
Sundag
00:00–00:20
Hummer og kanari episode 4 (r)
Reprise

Radio Folgefonn er ein lokal radiokanal driven av engasjement, frivillig innsats og kjærleik til Hardanger. For å halde fram med å lage gode program om lokalsamfunn, kultur og historie, er vi avhengige av støtte frå lyttarane våre.

Du kan bidra ved å betale frivillig lyttaravgift til kontonummer 3658.09.02361.
Kvart bidrag, stort eller lite, hjelper oss å halde mikrofonen open for Hardanger-røystene.