Fredag 02.november snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med ordføraren i Eidfjord, Anved Johan Tveit. Han fortel om næringsliv og utvikling i kommunen.
Gallerist Gøril Guddal feirer 25 – årsjubileum for gallei G Guddal denne helga. I reprise høyrer me ho fortelja om galleriet og jubileumsutstillinga.
Forfattar Marta Gjernes skal skriva boka om Odda for perioden 1964 til 2020. Emil Tomasgard (Ap) fortel om forfattaren og arbeidet.
Sendinga startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02.
Klokka 13:02 er det Countryskred med Svein Hop og klokka 18:02 er det Harld og Franks Country og Bluegrass Jamboree.
Programma høyrer du på FM – bandet og på nettradio eller her og no.