Meny Lukk

Gratis meningokokk – vaksine til russen

Russen skal få gratis vaksine neste år. Fylkesrådmannen føreslår å løyva 1,2 millionar kroner til vaksineprogram (meningokokk-vaksine) for elevar i den vidaregåande skulen. Dette fortel Hordaland Fylkeskommune på nettsidene sine.

Det går fram av forslaget til fylkesbudsjett for 2019. Fylkesrådmannen vil og auka budsjettet til teiknspråktolkar med 500 000 kr, og 1 mill. kr ekstra er sett av til opplæringstiltak for minoritetsspråklege elevar. Produksjonsskulen i Ulvik i Hardanger, som opna sommaren 2018, er budsjettert med heilårsdrift neste år.

Til investeringar ved dei vidaregåande skule vert det budsjettert med 434 mill. kr i 2019.

Det største prosjektet neste år er bygging av Åsane videregåande skule med løyving på 80 mill. kr. Andre prosjekt det vert løyvingar til neste år: Stord vgs. 30 mill. kr, Bømlo vgs. 11 mill. kr, Laksevåg vgs 10 mill. kr og Langhaugen vgs. 3 mill. kr. Til Hjeltnes produksjonsskule i Ulvik vert det løyvd 18,2 mill. kr.

Auka trivsel og betre læremiljø 

– Nye skulebygg og rehabilitering er viktig for prioritering i skulebruksplanen og som me veit, har mykje å seia for elevar og lærarar. Me ser av satsinga at me kan bruka bygga meir energieffektivt og bidra til auka trivsel og betre læremiljø i den vidaregåande skulen i Hordaland, seier konstituert fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen.

Arkivbilete av Oddaruss 2010.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: