– Ved vegarbeid vil det i stor grad vere lågare fartsgrenser for å vareta tryggleiken på vegen. Når arbeidet er avslutta for dagen eller veka, skal det derimot vere mogeleg å køyre i opphaveleg fartsgrense. No ber vi Statens vegvesen sjå på eigne retningslinjer slik at midlertidige fartsgrenser berre vert nytta når det er naudsynt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Ved arbeid på vegar vert fartsgrensene ofte sett ned for å ivareta tryggleiken til bilistane og arbeidarane på byggeplassen. Rett bruk av midlertidige fartsgrenser er viktig for å sikra beste mogeleg framkome og for å oppretthalda respekt for dei skilta fartsgrensene.

Ifylgje retningslinjene til Statens vegvesen skal nedsett hastigheit på ei strekning aukast og fjernast i periodar der det er forsvarleg at trafikken går som normalt.

– Dersom det ikkje er grunnlag for å setta ned fartsgrensa, fordi arbeidet er avslutta og ingen maskiner er til hinder for vanleg trafikk, skal den ikkje settast ned. Det fører til utålmodige bilistar som i verste fall vert frustrerte og kan skapa farlege situasjonar. Det må me forhindra, seier Dale.

I eit brev til Vegdirektoratet ber difor samferdselsministeren om at direktoratet ser på retningslinjene og at skilting av nedsett fartsgrense vert praktisert i samsvar med intensjonen. Slik vil ein ivareta både framkome og tryggleik. Ministeren ber òg om at avvik frå praksis, vert loggført og rapportert til departementet.

Oppfølginga av dette skal rapporterast seinast 1. mars 2019.

Bilete: Arkiv

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: