Staben i Radio Folgefonn har i haust vorte utvida med ein praktikant. Han heiter Kristian Måkestad Graue og er ein 34 år gamal songfugl som er meir enn gjennomsnittleg musikkinteressert. – Eg lenge hatt lyst til å laga radioprogram og er glad for at eg no har fått sjansen, seier han.

Kristian har laga ein programserie under vignetten Bob’s Disco Radio. – Det er ein halvtime med variert popmusikk, fortel han. – Målet mitt er å få til ei feelgood – stemning, ikkje minst med norsk musikk som eg har veldig stor sans for. Så det vert i blanding av norsk og framandspråkleg og stort sett retta mot eit breidt publikum.

Programmet skal gå på laurdagar klokka 19:00 med reprise natt til mandag klokka 00:30 og mandag morgon klokka: 09:30.

Gjekk du glipp av det, kan du høyra 1,program på lenka under.

2 kommentarer

Svar på Karl HägglundAvbryt svar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese