I Eidfjord har ein lagt til rette for ein morosam aktivitet i haustferien, 6. til 13. oktober – då har  både Eidfjord og Bergen haustferie.
Dei har laga ein emnetagg som dei har lagt på Facebooksida til Visit Eidfjord, og den kallar dei BilRebus Eidfjord 18 – ein aktivitet heile familien kan vera med på. Marit Stadheim ved Destinasjon Eidfjord fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at då skal ein køyra rundt i bygda og samla poeng.

– Ein skal finna ulike ting som me beskriv på Facebook og så skal ein ta selfie frå desse plassane og legga ut, også på Instagram. Då kan ein samla poeng og likes, me har og fine premiar til dei som har flest likes og flest poeng, så eg vonar mange vil vera med.
Les meir om korleis du kan melda deg på, på Facebooksida til Visit Eidfjord. I løpet av onsdagen kjem dei første dryppa om kva ein skal leita etter.

Om du vil vita kva premiane består av og kva anna du kan finna på i Eidfjord om hausten, kan du høyra heile intervjuet på lenka under.

Bilete: Facebooksida til Visit Eidfjord

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d