Meny Lukk

Startskot med kor, band og full blåserekke

Blueshelga lokst utøve 2018 startar torsdag 13.september med konsert i kinosalen i Odda. Det er Tyssedalkoret med gjester som har æra av å fyra helga i gong og dirigent Eldbjørg Furholt seier i samtale med programsekretær JK Flattun at dette gler dei seg veldig til.

(Biletet er henta frå koret si Facebookside). Nederst i saka ligg lydfila om du vil lytta)

– Det er jo blueshelg, så me har sjølvsagt ein del tradisjonelle blueslåtar på repertoaret, men me går noko vidare sjangermessig slik at det vert både pop – og rockelåtar å høyra.

Den ikkje ukjende NRK – veteranen Bård Ose er kveldens konferansier. – Han er vel eit levande leksikon innafor populærmusikk og slik eg har forstått det, har han vorte ein god Oddaven, så det er veldig kjekt for oss at han skal vera med Me skal ikkje sjå bortifrå at han og har lyst å vera litt artist.

Mellom låtskrivarar som er med i utvalet, nemner Furholt Michael Jackson, Ray Charles, Led Zeppelin, Bob Dylan med fleire, så spreiinga er god.

Til helga samlast alle deltakarane til eit lengre seminar og den siste finpussen. – Først då er me alle – mann – alle, seier Furholt. – Då få me med blåserekka som betyr mykje når me set opp eit prosjekt som dette.

Det vert fleire solistar å høyra. – Somme er rekruttert frå koret,  men me har og med oss Laura Buta, Synne Meland og Roger Lynghamar. Eg vonar folk har lyst til å koma på denne konserten, for det vert litt av ein kveld. Det å ha eit så vidt spekter, band med blåserekke og vokalistar der alle med nokre få unntak, er rekruttert lokalt, det er me stolte av. Eg trur dette kjem til å svinga skikkeleg.

Kveldens kapellmeister er Runar Boyesen frå Notodden, kjend frå bandet Terry Lehns og Norske menn i hus og hytte melom anna.

Konserten vert og sett opp laurdag kveld, og då vert det i tillegg eit innslag frå Odda Barneskule. – Det er kjekt å kunna ha den yngre garde med inn i desse store kulturhelgene i Odda, seier Furholt.

Tyssedalkoret har hatt mange storslåtte prosjekt gjennom åra. – Me har fått vera med på veldig mykje kjekt og det vert nok meir, for i 2019 feirer med 40 år som blanda kor, seier Eldbjørg Furholt som i første omgang no, ynskjer alle hjarteleg velkomen.

På lydfila høyrer du intervjuet som vert avslutta med Tyssedalkoret som syng Frode Grytten sin tekst, Skål Odda

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: